tirsdag 30. desember 2008

JULETID JULESTRI JULEFRI

Ei rettig god jul til alle bloggens lesarar.....;) ;) ;)

tirsdag 4. november 2008

Er det nokon der ute?

Hei! Er det nokon som deltok på 23-ting som framleis brukar kurs-bloggen?

lørdag 6. september 2008

Bruk av blogg

Utover hausten og vinteren vil eg bruke bloggen min med jevne mellomrom. Dersom fleire av kursdeltakarane er innom, vil eg gjerne kommunisere vidare. Me svallast;)

tirsdag 26. august 2008

Evaluering og nesten haust..

Attende til bloggen. I dag har eg returnert svarskjema på oppsummeringa av 23 ting til Jannicke. Kjenner at det er på tide med eit lite innlegg på bloggen berre for å si "hei". Både eg og bloggen eksisterar framleis..:)

onsdag 23. juli 2008

SOMMAR

Ups.. Det er sommar og me skriv 23. juli-08! Snaut halve ferien er unnagjort. Ei veke på jobb no og eg må pleie bloggen med eit lite livsteikn. Blogg høyrer den mørke årstida til trur eg... Fortsatt god sommar:)

torsdag 15. mai 2008

Våren er her!

Jammen smelta snøen i år også! Og om eit par dagar vaiar flagga i vinden. "No er det vår i Hallingdal, sola skin på kvar einaste gard.." syng Hellbillies. "Verandasol" har me også. Folk og fe går ei fin tid i møte!

torsdag 10. april 2008

I mål:)

Eg var på siste 23 ting-samling på Gol denne veka, der Jannicke losa oss fint i mål. Kurset har vore meir interessant enn eg i utgangspunktet trudde. Eg har lært mange nyttige ting som eg vil bruke vidare! Sjølvsagt er nokre av dei 23 tinga meir aktuelle enn andre, men det er greit å ha vore innom alt. Sidene er printa ut slik at eg evt kan bruke dei som oppslagsverk seinare. Bloggen min (pluss diverse oppretta kontoar) skal få leva vidare:) Ein oppfylgjingsdag kan vera nyttig, men førebels har eg nok å ta av blant dei 23 tinga. Takk for laget og takk for no!

torsdag 3. april 2008

Hastverk...?

Siste kursdag på Gol nærmar ser med stormskritt, derfor har eg snusa på ting 19, 20 og 21 i dag. Eg var inne på Second Life og testa bl.a. "Tour of info Island". Ein kan sikkert bli hekta om ein har god tid, men den virituelle verda fengar eigentleg ikkje meg. Eg trivst betre i det verkelege liv - truverdig som eg er... E-læring er me vel innom også ved å gå på dette kurset. Her har me mange flotte mogelegheiter:) Til slutt logga eg meg inn på vinnarlista til Web 2.0 Awards. Her fann eg mange 2.0-ting som eg vil utforske nærare!

tirsdag 1. april 2008

Kurset held fram

I dag var det Origo (ting 17) sin tur. Eg har ikkje oppretta eigen side her, men vore innom og titta på ulike soner. Av populære soner appelerte "De gode øyeblikk" til meg. Det gjeld å sjå og ta vare på dei gode stundene;) Når det gjeld Webappliksjonar (ting 18), registrerte eg meg og oppretta eit lite skriv i Google Docks. Eg prøvde å overføre det til bloggen min, men førebels har eg kun fått det inn på oversikta til Page Element..

torsdag 27. mars 2008

Leik med bilete og Mashups

Kvardagen er over oss att. I dag sto turen for ting 15 og 16. Eg valde Warholizer og nytta eit privat bilete. Etter å ha prøvd ut diverse fargekombinasjonar la eg det inn som sideelement på bloggen. Litt uklare konturar, men fekk i allefall prøvd det ut.. Eg har også utforska Mashups, men ikkje laga eigne bokmerke. Under Mashhups Awards valde eg emne Art og Mosaickr som favoritt.

mandag 17. mars 2008

Personlege framsider eller startsider

No har eg logga meg inn på iGoogle. Etter litt søking la eg 3 element til mi personlege side. Eg valde "Mountain and Nature Photos", "Disney Character of the Day" og "Popular Books" og plasserte dei i ny rekkefylgje. Deretter gjekk eg inn på kalenderen og førde inn arbeidsdag i morgon pluss Verdas bokdag 23. april. Synes dette fungerte veldig greit. Har ellers kome i påskemodus og kryssar fingrane for fortsatt fint vær og godt skiføre. Sol og Kvikk Lunsj er viktige ingrediensar - og PCen skal få kvile nokre dagar!

torsdag 13. mars 2008

Sosiale bokmerke og søkemotor

Påsken står for døra og det kan fort bli ei pause i leksearbeiet. I dag har brukt ein times tid på å utforske sosiale bokmerker og søkemotor (Rollyo).
Det kjendes litt "uoversiktleg" i Del.icio.us, men det er vel ei treningssak. Eg nytta nybegynnerguiden Us.ef.ul og var innom Buskerud fylkesbibliotek. Dette må eg trene meir på!
Deretter tok eg ein tur innom Rollyo og prøvde ut fleire søk. Denne trur eg kan vera nyttig.
Eg kjem sterkare tilbake..! God påske;)

tirsdag 11. mars 2008

Organisering av bøker

I dag har eg oppretta konto i LibraryThing og registrert fem av bøkene som står heime i bokhylla mi. Det gjekk greit:) Eg søkte opp bøkene via Bibsys og Sambok.
Har også gjort meg kjend med nokre grupper og meldt meg i "LibraryThing på norsk".
Med litt rettleiing har det også vorte link til bloggen min.

tirsdag 4. mars 2008

Ei lita oppdatering

Det var ny kursdag denne veka. Eg har lagt opp nyheiter frå Dagbladet som sideelement. Me gjekk gjennom facebook. I Wiki noterte eg eit par liner om Anna Gavalda si bok "Eg elska ho". Podkasting var me også innom, og eg har lagt til NRK Sámi radio (kjekt å ha;)) og Herreavdelingen til Google Reader. Video og musikk har eg lese meg gjennom i dag.

torsdag 28. februar 2008

Bilete og taggar


Endeleg! Her kjem eit bilete frå Flickr. Ein spretten geitekilling må få vera med:)

torsdag 21. februar 2008

Direkte kommunikasjon

Meir testing i dag og ny RSS-kontakt. Er i gang med direkte kommunikasjon: Har oppretta konto og prøvd GTalk. Eg har chatta med Synne og utveksla bilete. Artig:)
kristtr(a)gmail.com

torsdag 14. februar 2008

Leksearbeid

Litt repetisjon i dag. Legge til lysbildeframvisning, endre mal osv. Har også lagt til RSS-kontakt.

mandag 11. februar 2008

Kurset er i gang

Måndag morgon og smal i augene. Dette er nytt for meg.. Blogging altså.