torsdag 10. april 2008

I mål:)

Eg var på siste 23 ting-samling på Gol denne veka, der Jannicke losa oss fint i mål. Kurset har vore meir interessant enn eg i utgangspunktet trudde. Eg har lært mange nyttige ting som eg vil bruke vidare! Sjølvsagt er nokre av dei 23 tinga meir aktuelle enn andre, men det er greit å ha vore innom alt. Sidene er printa ut slik at eg evt kan bruke dei som oppslagsverk seinare. Bloggen min (pluss diverse oppretta kontoar) skal få leva vidare:) Ein oppfylgjingsdag kan vera nyttig, men førebels har eg nok å ta av blant dei 23 tinga. Takk for laget og takk for no!

torsdag 3. april 2008

Hastverk...?

Siste kursdag på Gol nærmar ser med stormskritt, derfor har eg snusa på ting 19, 20 og 21 i dag. Eg var inne på Second Life og testa bl.a. "Tour of info Island". Ein kan sikkert bli hekta om ein har god tid, men den virituelle verda fengar eigentleg ikkje meg. Eg trivst betre i det verkelege liv - truverdig som eg er... E-læring er me vel innom også ved å gå på dette kurset. Her har me mange flotte mogelegheiter:) Til slutt logga eg meg inn på vinnarlista til Web 2.0 Awards. Her fann eg mange 2.0-ting som eg vil utforske nærare!

tirsdag 1. april 2008

Kurset held fram

I dag var det Origo (ting 17) sin tur. Eg har ikkje oppretta eigen side her, men vore innom og titta på ulike soner. Av populære soner appelerte "De gode øyeblikk" til meg. Det gjeld å sjå og ta vare på dei gode stundene;) Når det gjeld Webappliksjonar (ting 18), registrerte eg meg og oppretta eit lite skriv i Google Docks. Eg prøvde å overføre det til bloggen min, men førebels har eg kun fått det inn på oversikta til Page Element..