torsdag 27. mars 2008

Leik med bilete og Mashups

Kvardagen er over oss att. I dag sto turen for ting 15 og 16. Eg valde Warholizer og nytta eit privat bilete. Etter å ha prøvd ut diverse fargekombinasjonar la eg det inn som sideelement på bloggen. Litt uklare konturar, men fekk i allefall prøvd det ut.. Eg har også utforska Mashups, men ikkje laga eigne bokmerke. Under Mashhups Awards valde eg emne Art og Mosaickr som favoritt.

mandag 17. mars 2008

Personlege framsider eller startsider

No har eg logga meg inn på iGoogle. Etter litt søking la eg 3 element til mi personlege side. Eg valde "Mountain and Nature Photos", "Disney Character of the Day" og "Popular Books" og plasserte dei i ny rekkefylgje. Deretter gjekk eg inn på kalenderen og førde inn arbeidsdag i morgon pluss Verdas bokdag 23. april. Synes dette fungerte veldig greit. Har ellers kome i påskemodus og kryssar fingrane for fortsatt fint vær og godt skiføre. Sol og Kvikk Lunsj er viktige ingrediensar - og PCen skal få kvile nokre dagar!

torsdag 13. mars 2008

Sosiale bokmerke og søkemotor

Påsken står for døra og det kan fort bli ei pause i leksearbeiet. I dag har brukt ein times tid på å utforske sosiale bokmerker og søkemotor (Rollyo).
Det kjendes litt "uoversiktleg" i Del.icio.us, men det er vel ei treningssak. Eg nytta nybegynnerguiden Us.ef.ul og var innom Buskerud fylkesbibliotek. Dette må eg trene meir på!
Deretter tok eg ein tur innom Rollyo og prøvde ut fleire søk. Denne trur eg kan vera nyttig.
Eg kjem sterkare tilbake..! God påske;)

tirsdag 11. mars 2008

Organisering av bøker

I dag har eg oppretta konto i LibraryThing og registrert fem av bøkene som står heime i bokhylla mi. Det gjekk greit:) Eg søkte opp bøkene via Bibsys og Sambok.
Har også gjort meg kjend med nokre grupper og meldt meg i "LibraryThing på norsk".
Med litt rettleiing har det også vorte link til bloggen min.

tirsdag 4. mars 2008

Ei lita oppdatering

Det var ny kursdag denne veka. Eg har lagt opp nyheiter frå Dagbladet som sideelement. Me gjekk gjennom facebook. I Wiki noterte eg eit par liner om Anna Gavalda si bok "Eg elska ho". Podkasting var me også innom, og eg har lagt til NRK Sámi radio (kjekt å ha;)) og Herreavdelingen til Google Reader. Video og musikk har eg lese meg gjennom i dag.